Om Byggmeister Tore Hovland AS

Byggmeister Tore Hovland AS er eit solid firma med dyktige fagfolk i alle ledd. Vi tilbyr tenester i heile byggeprosessen, samtidig som vi har byggevareutsal med eit godt utval av varer. Firma vart starta av Tore Hovland i 1978 og er i dag eit aksjeselskap med 10 tilsette. Byggmeister Tore Hovland AS held til på Kaupanger Industrifelt med kontor og byggevarelager. Dei fleste oppdraga våre er i Sogndal kommune, men også enkelte oppdrag i nabokommunane. Vi er allsidige og tek på oss alle typar oppdrag innan nybygg, rehabilitering og påbygg.

Byggmeister Tore Hovland AS har lang erfaring, stor allsidighet og eit nært samarbeid med anerkjente leverandørar og underentreprenørar. Vi er godkjent som lærebedrift og er stolte over å kunne bidra til å utdanne og vidareføre faget til morgondagens tømrarar. Vi er medlem i huskjeda Byggmann og kan tilby eit breitt utval av ferdighus, hytter og garasjar. Det som ikkje passar kan teiknast om og tilpassast den enkelte sine ønskjer og behov. Vi har eit stort varelager med eit variert utval av byggevarer. Vi er medlem av Norges Byggmesterforbund og har Sentral Godkjenning.


*
*